Visuell kommunikasjon er kommunikasjon som vises med bilder og ikkje med tale eller tekst. Vi skal kunne sjå kva som blir sagt. Dette skapast med å bruke ulike visuelle virkemiddel. Visuelle virkemiddel kan være kameravinkel, bildeutsnitt, kamerabevegelsar og lyssetting.
Kameravinkel
Kameravinkel er tre forskjellige måtar å sette opp kameraet. Det er normalperspektiv, froskeperspektiv og fugleperspektiv.
1. Ut ifrå eigne tankar, skriv ned kva du trur dei ulike kameravinklane er.
Gjennomgå svara til elevaen og fyll inn der det er hol i kunnskapen. I normalperspektiv ser vi alt frå samme nivå, dette gir eit nøytralt uttrykk, men om kameraet er i froske- eller fugleperspektiv får uttrykket ei ganske annleis verkning. I froskeperspektiv vil alt sjå utroleg stort ut frå ditt ståsted. Du ser alt nedanfrå og opp. Dette gir inntrykk av at det du ser er mykje større enn du og ofte skummelt, fryktingytande og latar til å ha større makt.
Om ein ser det i fugleperspektiv blir alt mykje mindre og no er rollane snudde. Det du ser er stussleg, unnderdanig og det latar til at det er betraktaren som sitt med makta.
Bildeutsnitt
Med bildeutsnitt kan ein fokusere på det ein vil at betraktaren skal sjå. Bildeutsnitt er delt opp i stortotal, total, halvtotal, halvnært, nærbilde og ultranært.
2.Skriv ned kva de trur dei ulike bildeutsnitta viser.
Gjennomgå svara til elevaen og fyll inn der det er hol i kunnskapen.
Stortotal - viser heile karakteren og landskapet rundt
Total - viser heile karakteren, men lite av det rundt
Halvtotal - viser karakteren frå livet og opp
Halvnær - viser karakteren frå brystet og opp
Nærbilde - viser bare hode og eventuelt hals
Ultranært - viser bare detaljfokus, eksempel augo eller munn.
Kamerabevegelser
Panorering, tilting, zooming og kjøring av kameraet brukast for å skape ulike effektar.
3.Skriv ned kva de trur dei ulike bevegelsane betyr.
Gjennomgå svara til elevaen og fyll inn der det er hol i kunnskapen.
Panorering er når kameraet beveger seg sidelengs, men kameraopperatøren står stille. Dette gir oversikt over landskapet og kan vise når evt. ein bil kjører ut av «scena».
Tilting er når ein beveger kameraet loddrett opp eller ned. Dette kan vise detaljar på ein kropp for å sette steminga i scena.
Med zooming endrar ein avstanden til motivet med å zoome inn eller ut. Da kan utsnittet gå frå Stortotal til nærbilde i ei og samme scene.
Kjøring av kameraet betyr at det skjer ei fysisk forflyttning av kameraet. Dette er ofte brukt når ein vil vise bevegelse men og følge objektet som beveger seg.
Lyssetting
Med lyssetting kan ein forandre stemninga for scena.
4.Skriv ned kva du trur lyssetting kan gjere med stemninga i ei scene.
Gjennomgå svara til elevaen og fyll inn der det er hol i kunnskapen.
Varmt lys gir god stemning og kaldt lys viser uhygge. Lys plassert nedanfrå og opp er ofte brukt i skrekkfilmar for ekstra uhygge.
De skal no sjå ein animasjon som heiter Den danske dikteren. Ut ifra den filmen skal dykk no skrive ned kva for visuelle virkemiddel som blir brukt i filmen, forklare kva virkemiddla formidlar og skrive ned tankar om kvifor desse virkemiddla blir brukt.
Kompetansemål
10. trinn |
arbeidsmåte
|
Måloppnåelse
|
||
låg
|
middels
|
høg
|
||
tegne bildemanus, redigere og manipulere enkle digitale opptak og vurdere bruk av egne virkemidler
|
Sjå animasjonsfilm og beskrive kva for visuelle virkemiddel som blir brukt i filmen.
|
Kan å finne enkle visuelle virkemiddel
|
Kan å finne ulike visuelle virkemiddel og forklare kva virkemiddla «seier»
|
Kan å finne ulike visuelle virkemiddel og forklare kva virkemiddla formidlar og kva for meining som står til grunn for val av virkemiddel i filmen.
|
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar