Animasjonteknikken kom til Noreg for hundre år sidan, i 1913, og sidan det har det vorte laga både korte og lange filmar i alle slags sjangrar. Mange av filmane har vore nominerte og fått prisar både nasjonalt og internasjonalt. Den vi kjenner best er nok Ivo Kaprino sin, Flåkypa Grand Prix frå 1975 (Cinemateket.no). Filmen Den danske diktaren, som eg har valt å presentere, vart tildelt Oskar i 2007 (wikipedia.org).
Dette er ein film som handlar om ein dansk diktar som, på grunn av Sigrid Undset si bok om Kristin Lavransdatter, ender opp i Noreg og på ein gard der han forelsker seg i dattera til bonden. Dattera er dessverre allereie trulova til naboguten og bryt ikkje med han på grunn av den same boka som bragte diktaren til henne. Historia spinn vidare på dette og ender opp med korleis tilfeldigheiter har det til at vi er den vi er.
Filmen er laga i samarbeid mellom det norske produksjon selskapet Microfilm as og det canadiske selskapet Office national du film du Canada i 2005 (onf-nfb.gc.ca).
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar