Blogging er ein ganske ny ting. Det er kun dei siste 10-15 åra at dette har eksistert(Lepperød, 158). Det vi her må hugse er at det er desse 10-15 åra at den neste generasjon har levd. Vi som er voksne har ikkje vokse opp med internett og alt det har å tilby, men det har dei. Ungane i dag har «gone viral». Dette fenomenet er komme for å bli og om vi, spesiellt lærarar, ikkje maktar å henge på mistar vi grepet og kontakten med elevane og borna våre. Men kva skal vi gjere og korleis? Vi må så klart sette oss inn i kva denne verda er og korleis ein kan utnytte seg av den. I skulesamanheng kan det å bruke blogg som ein del av undervisninga være nyttig, både for å skape kontakt med elevane på deiras arena, men og å lære dei eit fornuftig, lærerikt og etisk forhald til blogg.
LK06 har eit stort fokus på digital kompetanse, og dette må så klart lærast, nettom gjennom bruken av digitale verktøy. Det står i LK06 at ein av dei grunnelgjande ferdigheitane er «Å kunne bruke digitale verktøy i kunst og håndverk er viktig for å søke informasjon og for selv å produsere informasjon i tekst og bilder. Produksjon av digitale bilder står sentralt i elevenes arbeid med foto, skanning, animasjon, film og video. I denne sammenheng inngår holdninger til kildekritikk, personvern og kjennskap til regler om opphavsrett. Multimedier inngår i presentasjon av egne og andres arbeid. Kunnskap om estetiske og digitale virkemidler er avgjørende for bevisst kommunikasjon.» (udir.no) Her er blogg ein fin måte å dokumentere og samle informasjon og eigen produksjon.
Ein blogg kan godt brukast som ein læringsplatform mellom lærar/elev og elev/elev. I ein lukka blogg på skulen kan elevane lære seg korleis ein skal lage, skrive og bruke ein blogg utan å være redd for kritikk utanfrå. Det er viktig at vi viser elevane konsekvensane for uetisk og feil bruk av blogg og det å få kritikk for noko så personleg som våre eigne tankar og produkt. Ein må lære seg å tåle kritikk. Ofte kan ein snu kritikk til noko positivt, ofte er det konstruktiv kritikk, men det kan og være dei som kritiserer kun for å kritisere. Dette kan elevane lære å takle på ein voksen og fornuftig måte gjennom bruken av blogg. Martin Bekkelund skriv det så fint ; Overse dem, ignorer dem, nyt det! (Lepperød, 161).
Andre grunnlegjande ferdigheiter som og får stor plass i bruken av blogg er så klart skriving og lesing. Dei lærer seg å pressentere eit tema og å skrive om det på ein interesant måte slik at andre får lyst til å lese. Denne læringa skjer gjennom å presentere, reflektere og å kritisere. Det kan og bør være trygt å kritisere andre sine bloggar i eit lukka samfunn som i ein skuleklasse. Lesing av ein blogg er ikkje berre å kunne lese teksta som er skreve, men og å «lese» bruken av bilde, symboler og layout. Blir det brukt «rett» bilde i samanheng til tekst. Tilfører bilde noko meir eller understreker det teksten det står til? Layouten til ein blogg er ofte ein mal som ein bruker, men ein kan og forandre på den sjølv. Dette er og noko som elevane kan reflektere over og evt. kritisere vala som er gjort.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar